Persistent weak layers
- Below 500 m
Natural released avalanches can occur in dry wind slabs in the mountains, and in wet snow at lower elevations. Persistent weak layers have not been a big problem lately, but it might become one if water accumulates in the layer.
Natural released avalanches can occur in dry wind slabs in the mountains, and in wet snow at lower elevations. Persistent weak layers have not been a big problem lately, but it might become one if water accumulates in the layer.
Det skal kome nedbør, bli noko mildare og vere sterk vind. Over mildvêrsgrensa vil det danne seg ustabile fokksnøflak og skred kan gå naturleg i leheng mot aust og nord, særleg første del av døgnet når vinden er sterkast. Skred vil også vere lette å løyse ut ved ferdsel.
Under mildvêrsgrensa kan det gå våte laussnø- og flakskred.
Vedvarande svake lag har ikkje vore eit vesentleg problem den siste tida, men om det hopar seg opp vatn i slike lag kan det føre til skred.
Denne veka har det vore skiftande vêr og periodar med noko nedbør, sterk vind og sol. Under mildvêrsgrensa, som stig opptil ca. 400 moh utover dagen, er det fuktig eller våt snø. Over mildvêrsgrensa er det vindpåverka snø. I det siste har det vore harde flak og avbåst på ryggar og andre vindutsette terrengformasjonar. Tidlegare i vinter har det vore vedvarande svake lag rundt eit skarelag frå 18. januar opptil ca. 500 moh. Det har primært vore kantkorn men stadvis, særleg i området rundt Alta, har det også vore rim oppå denne skara. Den siste tida har det vore lite aktivtet på dette laget og mildvêr har ført til at krystallane har blitt avrunda. Det er usikkert om det framleis er eit problem enkelte stadar, og opphoping av vatn i snøen kan gjere at det blir aktivitet på det igjen.
Avalanches can occur in fresh wind slabs and where snow and persistent weak layers become wet.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)