Wind slab
- Above 300 m
Avalanches can be triggered in wind slabs, espacially at the highest peaks where stabilization takes longer time. Persistent weak layers can be present in the snowpack but are probably not that easy to trigger.
Avalanches can be triggered in wind slabs, espacially at the highest peaks where stabilization takes longer time. Persistent weak layers can be present in the snowpack but are probably not that easy to trigger.
Dei siste dagane har det kome mykje snø i kombinasjon med vind, og fokksnøflak har samla seg i leheng mot sør og aust. Fokksnøen har fått stabilisert seg noko, men det vil framleis vere mogleg å løyse ut skred, særleg i høgda der stabiliseringa tek lengst tid.
Det kan også finnast vedvarande svake lag på fjelltoppane, men generelt verkar dei vanskeleg å påverke. Vær også merksam på at det har starta å utvikla seg kantkorn i overgangen mellom varmepåverka snø og kald nysnø. Det har ikkje vore eit problem enda, men om utviklinga held fram kan det bli det.
Etter ein relativ varm og våt start på jula, har det blitt meir vinterleg dei siste dagane. Det har stadvis kome opptil 25 cm nysnø i kombinasjon med sterk nordvestleg vind. Snøoverflata består difor av fokksnø av varierande hardheit, også i opne lågtliggande områder. I skjerma terrengformasjonar og i skogen kan det finnast ubunden snø. Det meste av nysnøen ligg over skare. I denne overgangen har det starta å utvikle seg kantkorn, men den har ikkje gått langt nok til at det er eit problem enda. Om det utviklar seg vidare, vil det ligge som eit svakt lag under fokksnø, som ikkje stabiliserer seg med det første.
Det er usikkert kva som har skjedd med eldre vedvarande svake lag etter alt vêret den siste tida. Høgt til fjells kan det vere intakt, men sidan det har vore lite skredaktivitet er det truleg vanskeleg å påverke om det er tilstade.
A polar low may hit the region and increase the avalanche hazard. Potentially strong wind can transport existing and new snow to new aspects, and avalanches can release spontaneously or be easy to trigger in wind slabs.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)