Wind slab
- Above 400 m
Avalanches are possible to trigger in wind slabs and on persistent weak layers.
Avalanches are possible to trigger in wind slabs and on persistent weak layers.
Dei siste dagane har det kome mykje snø i kombinasjon med vind, og fokksnøflak har samla seg i leheng mot sør og aust. Fokksnøen har fått stabilisert seg noko, men det vil framleis vere mogleg å løyse ut skred, særleg i høgda der stabiliseringa tek lengst tid.
I høgda finns det også vedvarande svake lag du kan påverke, og i tillegg kan det ha starta å utvikle seg kantkorn mellom varmepåverka snø og kald nysnø. Om du påverkar slike lag kan det gå store skred.
Etter ein relativ varm og våt start på jula, der mildvêr nådde opptil ca. 900 moh, har det blitt meir vinterleg dei siste dagane. Det har stadvis kome over 50 cm nysnø i kombinasjon med sterk nordvestleg vind. Snøoverflata består difor av fokksnø av varierande hardheit, også i opne lågtliggande områder. I skjerma terrengformasjonar og i skogen er det ubunden snø. Det har tidlegare vore observert kantkorn i snødekket fleire stadar i regionen. Desse er intakt i høgda, og lasta av nysnøen verkar å ha gjort desse lettare å påverke.
I naboregionar har kantkorn utvikla seg i overgangen mellom varmepåverka snø og kald nysnø. Det er uvisst om dette har skjedd i Indre Troms, men det bør følgjast med på.
Avalanches are possible to trigger in wind slabs and on persistent weak layers.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)