Wind slab
- Above 500 m
Avalanches can be triggered in newly deposited wind slabs, and persistent weak layers may be present in the snowpack..
Avalanches can be triggered in newly deposited wind slabs, and persistent weak layers may be present in the snowpack..
Dei siste dagane har det kome mykje snø i kombinasjon med vind, og fokksnøflak har samla seg i leheng mot sør og aust. Fokksnøen har fått stabilisert seg noko, men det vil framleis vere mogleg å løyse ut skred, særleg i høgda der stabiliseringa tek lengst tid.
I høgda kan det også finnast vedvarande svake lag i snødekket. Det skal truleg litt til for å påverke desse, men om du gjer det kan skred bli store. Vær også merksam på at det kan ha utvikla seg kantkorn i overgangen mellom varmepåverka snø og kald nysnø. Om det er tilfelle kan skred vere svært lette å løyse ut.
Etter ein relativ varm og våt start på jula, der mildvêr nådde opptil ca. 1000 moh, har det blitt meir vinterleg dei siste dagane. Det har stadvis kome opptil 50 cm nysnø i kombinasjon med sterk nordvestleg vind. Snøoverflata består difor av fokksnø av varierande hardheit, også i opne lågtliggande områder. I skjerma terrengformasjonar og i skogen kan det finnast ubunden snø. Det har tidlegare vore kantkorn i snødekket, men det er usikkert kva som har skjedd med dette etter alt vêret den siste tida. Der det har vore minusgrader kan det vere intakt, men lite aktivtet tyder på at det skal ein del til for å påverke.
I naboregionar har det starta å danne seg kantkorn i overgangen mellom varmepåverka snø og kaldare nysnø. Det er ikkje observert i Lyngen, men bør følgast med på.
A polar low may hit the region and increase the avalanche hazard. Potentially strong wind can transport existing and new snow to new aspects, and avalanches can release spontaneously or be easy to trigger in wind slabs.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)