Wind slab
- Above 600 m
Avalanches can occur in fresh wind slabs and where snow and persistent weak layers become wet.
Avalanches can occur in fresh wind slabs and where snow and persistent weak layers become wet.
Over mildvêrsgrensa er det mogleg å løyse ut skred i fersk fokksnø, som i hovudsak finst i austtvendte fjellsider. Under mildvêrsgrensa kan det gå våte skred medan det regnar. Vedvarande svake lag har ikkje vore eit vesentleg problem den siste tida, men om det hopar seg opp vatn i slike lag, kan det føre til skred.
Skredfara vil vere størst om natta medan det er mildast og det kjem mest nedbør.
Det har vore sterk vestleg vind i helga, og frå laurdag kveld er det meldt nedbør og plussgrader opptil ca. 600 moh. Snøen vil difor vere våt under mildvêrsgrensa, og over mildvêrsgrensa vil det vere nysnø som er påverka av vind i varierande grad. Når temperaturen blir lågare på kvelden kan det bli skare der våt snø frys. Tidlegare i vinter har det vore vedvarande svake lag rundt eit skarelag frå 18. januar opptil ca. 500 moh. Det har primært vore kantkorn men stadvis, særleg i området rundt Alta, har det også vore rim oppå denne skara. Den siste tida har det vore lite aktivtet på dette laget og mildvêr har ført til at krystallane har blitt avrunda. Det er usikkert om det framleis er eit problem enkelte stadar, og om opphoping av vatn i snøen i helga kan gjere at det blir aktivitet på det igjen.
It is possible to trigger avalanches in fresh windslabs.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)