Wind slab
- Above 300 m
It’s challanging conditions. Windslabs will be easy to trigger and can be present in many aspects, and persistent weak layers are also possible to trigger at some places.
It’s challanging conditions. Windslabs will be easy to trigger and can be present in many aspects, and persistent weak layers are also possible to trigger at some places.
Skred kan vere lett å løyse ut eller gå naturleg i fersk fokksnø. Dette skuldast at sterk og dreiande vind vil frakte snø og danne ustabile fokksnøflak i leheng.
Frå ca. 400 moh kan det også finnast vedvarande svake lag i snødekket, som gjer at skred kan vere lettare å løyse ut og bli større enn om slike lag er fråverande.
Det er usikkerheit knytt til kvar dette laget er, men mest sannsynleg er det i skjerma terrengformasjonar, særleg i sør og aust.
Vêrprognosane er også usikre, men skredfara vil vere størst der det blir mest vind og mest snø.
Denne veka har det vore annakvar dag med mildvêr og regn opp til 600-700 moh og annakvar dag med snøbyer og vind frå vest/nordvest. Det er difor noko fuktigheit i snødekket i låglandet medan det høgare er fokksnøflak der vinden har tatt og ubunden snø i skjerma formasjonar. Førre helg snødde eit lag med små kantkorn ned. Under ca. 400 moh er dette truleg smelta, men høgare er dette stadvis eit problem. Truleg er problemet størst i skjerma terrengformasjonar, særleg mot sør og aust, men det kan også finnast i fleire himmelretningar. Fredag vart det observert fleire store skred på Storbmegaisa som truleg gjekk på kantkorn.
Kantkorn djupare i snødekket er generelt svært vanskeleg å påverke og er sannsynlegvis nøytralisert av regn opp til 700-800 moh.
It’s challanging conditions. Windslabs will be easy to trigger and can be present in many aspects, and persistent weak layers are also possible to trigger at some places.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)