Wind slab
- Above 100 m
Be aware of isolated wind slabs, otherwise stable conditions.
Be aware of isolated wind slabs, otherwise stable conditions.
Vind frå sørvest kan gi fersk ustabil fokksnø i leområde, men sidan det er lite laus snø for vinden å flytte på, vil både størrelse av skred og utbreiinga av skredproblemet vere avgrensa.
Fokksnøflak kan ligge over lausare lag av små kantkorn, noko som gjer at flaka bruker lengre tid enn vanleg på å stabilisere seg. Lettast vil det vere å løyse ut skred der flak er mjuke, som kan finnast i skjerma terrengformasjonar og rundt tregrensa, i delane av regionen som har det.
Der det er avblåst til skare er skredfara liten.
I veke 3 var det mildvêr til fjelltopphøgde, og etter det har det vore litt nysnø og tidvis sterk vind frå sørvestleg til søraustleg retning. Det er avblåst til bakken eller skare og generelt hard fokksnø elles. I enkelte skjerma terrengformasjonar er fokksnøen litt mjukare, særleg rundt tregrensa, i delane av regionen som har skog. Det har vore tilhøve for utvikle kantkorn i snøen over mildvêrsskare, men det er ikkje observasjonar som tilsei at dette har blitt eit problem.
Be aware of isolated wind slabs, otherwise stable conditions.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)