Wet snow
- Above 1,000 m
High temperature and rain elevate the danger of wet avalanches.
Be aware of isolated wind slabs, otherwise stable conditions.
High temperature and rain elevate the danger of wet avalanches.
Mildvêr og regn stort sett til topps gir fare for våte skred. Utpå ettermiddagen og kvelden kan det hope seg opp med vatn i snøen og i høgda kan våte flak lausne av seg sjølv. Det vil truleg være aktuelt i alle himmelretningar, da fokksnøflak har lagt seg opp etter både vestlege og austlege vindar siste tida. Det er venta at snøen lågt i fjellet vil tåle mykje regn, men i dei områda som får mest nedbør kan det lausne små våte laussnøskred.
Lengst aust i regionen på dei høgaste toppane kan noko av nedbøren komme som snø. Enkelte stader kan det danne seg ferske fokksnøflak av ein viss storleik.
Ved sigesprekker er det fare for glideskred.
Snøen er hard og bærande dei fleste stader i fjellet. Mykje av det er smelteomdanna og grovkorna. Aust i regionen er det noko meir finkorna snø i overflate etter siste snøfall. I forkant av mildvêret er det mykje overflaterim. Snøgrense varierer frå omlag 400 til 800 moh.
Enkelte stader over 1000- 1100 moh er det nedføyka overflaterim. Kantkornlag rundt skarelag er også tilstades over ca. 1100 moh.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)