Wind slab
- Above 1,200 m
Strong wind can transport snow and form fresh wind slabs in high mountain areas.
Strong wind can transport snow and form fresh wind slabs in high mountain areas.
Sterk vind kan flytte snø og danne ferske fokksnøflak, men det er generelt lite laussnø som kan flyttast. Snøen vil også blåse inn i leområder som har lite snø frå før. Mest utsatt høgd vil vere frå tregrense og eit stykke oppover. På toppane er snøen fukta etter høge temperaturar fredag.
Det kan finnast enkelte eldre ustabile fokksnøflak høgt til fjells, der det tidlegare har kome tørr snø og blåst. Desse er særleg i leheng mot nord og aust. Det er òg dei områda som er naturlege å oppsøkje som skiløpar. Eventuelle skred vil vere små fordi det er lite snø.
Snødekket er prega av tidlegare mildvêr og kraftig vind. Vindutsette stader er avblåste. Mest snø finst i heng som vender mot nord og aust. Sist veke kom det litt nysnø over 1000 moh. Under 1000 moh kom det meste som regn. Frå om lag 1200 moh er snøen tørr. Under denne høgda er det skare. Det er generelt lite snø og ein del framstikkande buskar og stein.
Generally stable conditions, but wind slabs can be present in isolated features.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)