Persistent weak layers
- Above 1,200 m
The conditions are challenging. A persistent weak layer underneath wind slabs can be easy to trigger. Loose snow avalanches can occur in sun-facing slopes in the afternoon.

Flakskred kan vere lette å løyse ut. Dette er fordi det ligg vedvarande svake lag under fokksnøen frå førre helg og nye fokksnøflak er danna denne helga. Storleiken på potensielle skred er avhengig av kor mykje snø som har samla seg. I dei fleste tilfella er det middels store skred, men store skred kan også forekomme.
Det kan også gå laussnøskred i bratte solvendte heng utover dagen.
Førre helg kom det nysnø i kombinasjon med sterk vind frå vest og nordvest. Snøoverflata består difor i hovudsak av vindpåverka snø. På dei mest vindutsette stadane er det avblåst til skare eller bakken, men generelt er det bra med snø i fjellet. I skjerma terreng, særleg mot aust, kan det vere ubunden snø. Fokksnøen ligg på eit skarelag, og rundt dette finst det kantkorn mange stadar. Fareteikn som drønn er rapportert i dalar i Hurrungane, på Sognefjellet og rundt Juvass. Det har også gått flakskred. Mellom anna vart nokre utløyst av laussnøskred når sola sto på i området rundt Store Skagastølstind torsdag.
Kantkornlag finnast også djupare i snødekket, men desse er vanskelege å påverke.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)