Wind slab
- Above 100 m
Be aware of isolated wind slabs, otherwise stable conditions.
Be aware of isolated wind slabs, otherwise stable conditions.
Snødekket er generelt hardt og stabilt etter ei lenger periode med sterk vind frå same retning. Det er generelt vanskeleg å løyse ut skred i fokksnøen no, men det kan vere mogleg enkelte stadar der fokksnøen er mjuk, som t.d. i godt skjerma renner og søkk eller rundt tregrensa i delane av regionen som har skog. Dette gjeld særleg sidan fokksnø kan ligge over lausare lag av små kantkorn, som gjer at flak bruker lenger tid enn vanleg på å stabilisere seg.
I veke 3 var det mildvêr til fjelltopphøgde, og etter det har det vore litt nysnø og tidvis sterk vind frå sørvestleg til søraustleg retning. Det er avblåst til bakken eller skare og generelt hard fokksnø elles. I enkelte skjerma terrengformasjonar er fokksnøen litt mjukare, særleg rundt tregrensa, i delane av regionen som har skog. Det har vore tilhøve for utvikle kantkorn i snøen over mildvêrsskare, men det er ikkje observasjonar som tilsei at dette har blitt eit problem.
Be aware of isolated wind slabs, otherwise stable conditions.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)