Persistent weak layers
- Above 300 m
Avalanches can be easy to trigger on persistent weak layers, either directly or remotely. Avoid avalanche terrain.
Avalanches can be easy to trigger on persistent weak layers, either directly or remotely. Avoid avalanche terrain.
Skred kan løysast ut om du ferdast i terrenget, sidan det er eit ugunstig oppbygd snødekke med vedvarande svake lag. Kor lett det er å påverke dei svake laga avhenger av kor tjukk og hard overliggande snø er. Stadvis kan skred vere svært lette å løyse ut, også frå avstand, og skred har potensiale til å bli store.
Utover ettermiddagen skal det bli sterk vind, og då kan det bli noko snøtransport. Eit og anna skred kan gå av seg sjølv der mest snø blir avsett av vinden.
Det er skilnadar på snødekket i regionen. Mest snø er det i dei vestlegaste delane av regionen der snøoverflata vekslar mellom vindpåverka snø av ulik hardheit og ubunden snø. Lenger aust er det mindre snø og snøen er meir vindpåverka. Her er det mange stadar avblåst ned til bakken på dei mest vindutsette stadane. I november og første del av desember var det mykje klarvêr, og då blei kantkorn og rim danna nær toppen av snødekket. Dette ligg no som vedvarende svake lag nede i snødekket. Påverknad av desse laga har ført til fjernutløysing av skred og fareteikn som skytande sprekker og kraftige drønn dei siste dagane. Laga har med andre ord svært ugunstige eigenskapar.
Strong winds throughout the day will transport and deposit snow. Avalanches can be very easy to trigger, directly or remotely, on persistent weak layers. Naturally released avalanches can occur. Avoid avalanche terrain.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)