Wind slab
- Above 300 m
The snow is generally stable, but it is still possible to trigger winds slabs.
The snow is generally stable, but it is still possible to trigger winds slabs.
Generelt er det stabile tilhøve. Det skal vere rolig vêr og fokksnøen frå tidlegare i veka har fått litt tid til å stabilisere seg. Enkelte stadar kan det likevel vere mogleg å løyse ut skred i fokksnø. Vurder difor tilstadeværelsen og stabiliteten til denne om du skal ferdast i skredterreng, særleg i bratte fjellsider og i samband med terrengfeller.
Det er observert kantkorn under skare på Rolla og i naboregionar, men utbreiinga verkar framleis veldig avgrensa og laget er vanskeleg å påverke sidan det ligg under hard skare. Om laget får utvikle seg vidare kan det bli eit skredproblem.
Hard skare i overflata kan stadvis gjere ferdsel krevjande.
Mildvêr i starten av veka gjorde snødekket fuktig eller vått opptil ca. 1000 moh, og i etterkant har det bygevêr som har gitt påfyll av snø, periodevis vind og sol eller klarvêr innimellom. Snøoverflata vekslar mellom ubunden og vindpåverka snø som ligg over skare eller fokksnø. På dei mest vindutsette stadane er det avblåst til skara eller bakken. Under skara er det observert kantkorn i eit avgrensa belte mellom 600 moh og 700 moh på Kråktindane på Rolla fredag. Laget er generelt vanskeleg å påverke, men viser god evne til brotforplanting.
It can be possible to trigger avalanches on persistent weak layers and in wind slabs a few places. Wet avalanches can occur on steep sun-facing slopes if it gets sunny.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)