Wind slab
- Above 500 m
Avalanches can easily be triggered in wind slabs above the 0-isoterm. Wet avalanches can occur in the fresh snow below the 0-isotherm.
Avalanches can be triggered in wind slabs. Avalanches can get bigger and be easier to trigger the higher you go, due to the snow amounts and that stabilization takes longer.
Avalanches can easily be triggered in wind slabs above the 0-isoterm. Wet avalanches can occur in the fresh snow below the 0-isotherm.
På starten av døgnet kan det gå våte flak- og laussnøskred når det regnar på nysnø under mildvêrsgrensa. Over mildvêrsgrensa vil fokksnøflak fortsette å bygge seg opp i austvendte leområder. Skred kan vere lette å løyse ut eller gå naturleg medan vêret står på. I høgda, der all nedbøren kjem som snø, kan skred bli store men milde temperaturar er gunstig for stabiliseringa. Utover ettermiddagen vil fokksnøflak finnast stadig lågare i terrenget. Skredfara er i hovudsak knytt til den nyaste snøen, då det gamle snødekket generelt er stabilt.
Frå søndagskveld har det vore sterk vind og kome noko snø. Snøen blir fuktig eller våt under mildvêrsgrensa. Frå før er det generelt lite snø for årstida etter at mildvêr tæra mykje på snødekket før helga. Det er bart der det låg lite snø frå før, som på vindutsette ryggar og haugar, i bratte fjellsider og i lågtliggande områder lengst ut på kysten. Snøen har i hovudsak blitt smelteomvandla under ca. 1000 moh, og har i ettertid fryst. På dei aller høgaste fjelltoppane er det noko hard fokksnø. Det har tidlegare vore eit kantkornlag relativt høgt i snødekket. Dette er truleg øydelagt av mildvêret eller ligg beskytta under skare eller hard fokksnø. Om det framleis finst flekkvis i snødekket i høgfjellet vil det truleg være vanskeleg å påverke.
Bulletin data: Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE), varsom.no (NLOD)